Hopp til innhold
 Kvitveis. Foto: Anne Tanne, flickr.com
Kvitveis. Foto: Anne Tanne, flickr.com
X
Innhald

Kvitveis

Kvitveis (latin Anemone nemorosa), fleirårig urt i soleiefamilien med krypande jordstengel som ber treflika blad og kvite til raudlege blomstrar tidleg om våren. 

Planta inneheld ei giftig saft, og ho vart i folkemedisinen mellom anna brukt som urindrivande middel. Kvitveis er ei vanleg skogplante i låglandet nord til Troms.

Kvitveis vert også kalla kvitsymre.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 25.01.2013
Sist oppdatert: 26.04.2018