Hopp til innhold
 Lavendel. Foto: epicnom, flickr.com CCBY
Lavendel. Foto: epicnom, flickr.com CCBY
X
Innhald

Lavendel

Lavendel har må, blåfiolette blomstrar og bleikt grøne, smale og dunhåra blad. Han veks vilt rundt Middelhavet, men kan dyrkast i Noreg.

 

Lavendel (latin Lavandula angustifolia; tidlegare L. vera eller L. officinalis), inntil 1 m høg busk i leppeblomsterfamilien med små, blåfiolette blomstrar og bleikt grøne, smale og dunhåra blad. Han blir dyrka for utvinning av lavendelolje frå blomsterstandane, inneheld velluktande esterar og blir elles nytta i farmasien og i parfymeindustrien. Arten høyrer heime i middelhavslanda, men kan dyrkast som prydplante på friland i Noreg.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 31.01.2013
Sist oppdatert: 01.07.2013