Hopp til innhold
 Lavendel. Foto: epicnom, flickr.com
Lavendel. Foto: epicnom, flickr.com
X
Innhald

Leppeblomsterfamilien

Leppeblomsterfamilien (latin Lamiaceae eller Labiatae), tofrøblada plantefamilie med urter, halvbuskar, buskar og tre. Han er ein velavgrensa familie med 3500 artar, og av desse veks om lag 30 vilt i Noreg. Artane er kjenneteikna ved firkanta stengel, motsette blad og leppeforma blomstrar.
Arten leppeblom har ei uregelmessig, oftast femflika krone der dei to øvste dannar overleppa og dei tre nedste underleppa. Planta har oftast to lange og to korte pollenberarar, og ho blir pollinert av insekt. Frukta er ei firedelt spaltefrukt (smånøtter). Mange artar inneheld eteriske, sterkt luktande oljar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 31.01.2013
Sist oppdatert: 31.01.2013