
Liljefamilien
Liljefamilien (latin Liliaceae), ei gruppe vanlegvis fleirårige urter med om lag 3500 artar som er utbreidde over det meste av jorda. Blada er enkeltnerva og lansettforma eller ovale. Blomstrane er velluktande og regelmessige med seks blomsterblad og seks pollenberarar. Artane har lauk, knoll eller forlengd jordstengel. Frukta er som regel ein kapsel med tre rom, men av og til eit bær.
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Sist oppdatert: 31.01.2013