Hopp til innhold
 Lind. Foto: Dinesh Valke, flickr.com
Lind. Foto: Dinesh Valke, flickr.com
X
Innhald

Lind

Lind (latin Tilia), treslekt med 50 artar i lindefamilien med store, skeivt hjarteforma og sagtanna blad og kvite blomstrar som blir brukte til te. Artane har ein lys, nesten kvit ved som blir nytta til snikkararbeid, og basten har vore brukt til matter og korgfletting. Vanleg lind, T. cordata, veks vilt i Sør-Noreg og i Brønnøy.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 31.01.2013
Sist oppdatert: 31.01.2013