
Foto: Juha Haataja, Flickr.com CC-BY
Innhald
Linnea
Linnea (latin Linnaea borealis) eller nåreldgras, halvbusk med meterlange, krypande stenglar, motsette blad og kvite til bleikt rosa, klokkeforma blomstrar på tynne stenglar. Planta har sopprot (mykorrhiza) med ulike tre, og ho lèt seg difor ikkje dyrke.
Linnea har namn etter Carl von Linné. Arten er vanleg over heile Noreg, og han er ei gammal medisinplante.
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Først publisert: 02.04.2013
Sist oppdatert: 02.04.2013
Sist oppdatert: 02.04.2013