Blålyng

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Krekling. Foto: www.infoto.no

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Lyngfamilien er ein plantefamilie innan klassen tofrøblada plantar og består av tre, buskar og lyng. Dei fleste artane har vintergrøne blad, og fleire av dei er nytte- og prydplantar. I alt er det 1350 kjende artar i familien. Vanlege artar i Noreg er blålyng, krekling, røsslyng, klokkelyng, tyttebær, blåbær og blokkebær.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Ericaceae

Skildring

Blomane er regelmessige, heilkrona 4- eller 5-talige med 8 eller 10 pollenberarar. Hos hengande blomar er pollenberarane utstyrte med to horn. Frukta som blir danna, er eit bær, ei kapselfrukt eller ei steinfrukt.

Utbreiing

I fjell- og kyststroka våre dannar fleire artar vidstrekte plantesamfunn, lynghei, fordi dei har svært nøysame krav til jordbotnen. Enkelte artar er tilpassa å leva på svært tørre og vêrharde stader.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

lyngfamilien
Ericaceae
Tidlegare vitskapleg namn
Empetraceae, Pyrolaceae
Artsdatabanken-ID
101767
GBIF-ID
2505

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg