Hopp til innhold
 
 Marianøkleblom. Foto: Amadej Trnkoczy, flickr.com
Marianøkleblom. Foto: Amadej Trnkoczy, flickr.com
X
Innhald

Marianøkleblom

Marianøkleblom (latin Primula veris), 15 cm høg plante i nøkleblomsterfamilien. Ho er ei fleirårig plante med bladrosett ved grunnen og gule, velluktande blomstrar i skjermar på ein bladlaus stengel.
 
Marianøkleblom er ein av vårblomstrane på bakkar og i småskog i Sør-Noreg, og ho er funnen forvilla nord til Varanger. Planta har også vore brukt i folkemedisinen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.02.2013
Sist oppdatert: 05.02.2013