Hopp til innhold

 "Rør meg ikkje", foto; Mauro Martini, flickr.com
"Rør meg ikkje", foto; Mauro Martini, flickr.com
X
Innhald

Mimosa

Mimosa, planteslekt med fleire hundre artar buskar og tre i mimosafamilien, som er nær i slekt med erteblomsterfamilien. Artane høyrer heime i tropiske strok, dei fleste i Amerika. Mimosaartane har dobbeltfinna blad som reagerer på berøring. Mest kjend er den 50 cm høge busken M. pudica (sanseplante, «rør meg ikkje») frå Brasil.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.02.2013
Sist oppdatert: 13.02.2013