Hopp til innhold
 Geitrams. Foto: vilseskogen, flickr.com
Geitrams. Foto: vilseskogen, flickr.com
X
Innhald

Mjølke

Mjølke (latin Epilobium), planteslekt i nattlysfamilien med over 200 artar over heile verda. I Noreg finst det 16 artar og mange hybridar. Dei er fleirårige urter med motsette blad og 4-talsblomstrar. Dessutan har dei små siderosettar eller utløparar frå rothalsen.
 
Vanleg på fuktige enger og grasmyrar er geitrams, E. angustifolium, og myrmjølke, E. palustre, medan krattmjølke, E. montanum, er vanleg på tørre stader. Kjeldemjølke, E. alsinefolium, setermjølke, E. hornemanni, og kvitmjølke, E. lactiflorum, er mest vanlege på fjellet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 14.02.2013
Sist oppdatert: 14.02.2013