
Blodrot. Foto: Kari Pihlaviita, flickr.com
Innhald
Mure
Mure (latin Potentilla), slekt med over 300 artar, hovudsakleg fleirårige urter i rosefamilien. Dei har kopla eller finna blad og oftast regelmessige 5-talsblomstrar. Fruktene er små nøtter. I Noreg finst det 19 viltveksande artar, og fleire av dei er berre funne på avfallsplassar. Særleg kjend er tepperot eller blodrot, P. erecta, med trekopla blad og gul 4-talblomster. Arten har vore brukt i folkemedisinen.
Andre vanlege artar er gåsemure, P. anserina, norsk mure, P. norvegica, sølvmure, P. argentea, og flekkmure, P. crantzii. Til slekta høyrer også ei rekkje prydplanter.
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Først publisert: 14.02.2013
Sist oppdatert: 14.02.2013
Sist oppdatert: 14.02.2013