Hopp til innhold
Peppermynte. Foto: Anthony Cramp, flickr.com
Peppermynte. Foto: Anthony Cramp, flickr.com
X
Innhald

Mynte

Mynte, eigentleg slekta Mentha i leppeblomsterfamilien, men namnet er også i bruk om andre slekter, som bakkemynte. Mynte omfattar fleirårige urter med sterk krydderlukt, motsette, taggete blad og små, raudaktige blomstrar i kransar eller aks i toppen.
Åkermynte, M. arvensis, er vanleg ugras på fuktige enger nord til Troms. Eng- og vassmynte er sjeldsynte. I hagar dyrkar ein peparmynte, M. piperita, som inneheld mentol, og krusemynte, M. spicata var. crispata, som er ei gammal krydder- og medisinplante og ein varietet av grønmynte. Enkelte artar med brokete blad blir dyrka som prydplanter.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 14.02.2013
Sist oppdatert: 14.02.2013