Hopp til innhold
 Silkenellik. Foto: Hermann Falkner, flickr.com
Silkenellik. Foto: Hermann Falkner, flickr.com
X
Innhald

Nellik

Nellik (av lågtysk negelken, ’liten nagle’; latin Dianthus), slekt med 300 artar urteaktige planter i nellikfamilien. Dei har ledda stengel med oppsvulma ledd, motsette blad og 5-talsblomstrar der kronblada har lang nagl. Frukta er ein einromma kapsel.
To artar i veks vilt i Noreg. Engnellik, D. deltoides, blir 15 cm høg, har raude blomstrar og veks nord til Trøndelag. Silkenellik, D. superbus, blir 35 cm høg, har bleikraude blomstrar og veks i Finnmark. Elles finst det ei lang rekkje prydplanter.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 14.02.2013
Sist oppdatert: 14.02.2013