Hopp til innhold
X
Innhald

Nepe

Nepe (latin Brassica rapa var. rapifera), gammal rotvekst eller grønsaksplante i krossblomsterfamilien. Han er truleg ein kulturvarietet av den viltveksande åkerkålen, B. campestris. Blomstrane er gule til oransje, og knollen er rund, flat eller langstrekt, og etande.
 
Nepa har vore dyrka i Noreg sidan 1200-talet (før poteta) som menneskeføde, og i seinare tid mest som fôrplante under namnet turnips.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 14.02.2013
Sist oppdatert: 14.02.2013