Hopp til innhold
Oksetunge. Foto: analog photo fun. flickr.com
Oksetunge. Foto: analog photo fun. flickr.com
X
Innhald

Oksetunge

Oksetunge (latin Anchusa officinalis), 40 cm høg, fleirårig og sterkt ruhåra plante i rubladfamilien. Ho har raudfiolette blomstrar som etter kvart blir mørkt blåfiolette fordi cellesafta endrar seg frå å vere sur til å bli basisk. Oksetunge er funnen nord til Troms, og ho er ei gammal lækjeplante. Til slekta Anchusa høyrer mange prydplanter.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 14.02.2013
Sist oppdatert: 14.02.2013