Oleander er eit mannsnamn som er kjent sidan 1850. Oleander og Olander kan reknast som variantar. Dei er laga med utgangspunkt i Ole og Anders.

Den eviggrøne busken oleander har vakre blomar, men ettersom det stort sett berre er kvinner som får blomenamn, er det lite truleg at det er blomen som har inspirert foreldra til å gi sonen namnet Oleander.

Namnet har fleire variantar: Olander, Oleander.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 60 menn (fødde i Noreg) som hadde Oleander som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg