Hopp til innhold
Foto: Bri Weldon, Flickr.com CC-BY
Foto: Bri Weldon, Flickr.com CC-BY
X
Innhald

Oliventre

Oliventre (latin Olea europaea) eller oljetre, inntil 10 m høgt tre i oljetrefamilien. Det har smale, eviggrøne blad og kvite, velluktande blomstrar i bladhjørna. Først når det er 40 år gammalt, ber treet frukt, oliven. Dette er steinfrukter som er svært rike på ein feit olje. Oliventrea blomstrar i mai–juni og ber mogne frukter i januar. Umogne, grøne frukter blir brukte til mat direkte eller sylta. Av kjøtet på den mogne frukta pressar ein den fine olivenoljen, som blir brukt i matlaging. Anna pressing (heile frukta) gir bomolje til teknisk bruk.
Oliventreet er ei svært gammal kulturplante, og det kan bli over 1000 år gammalt. Det blir særleg dyrka i middelhavslanda. Veden er brun, hard, tung og tett, og ein kan bruke han til kunstsnikkararbeid. Getsemane-hagen var ein olivenlund.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 11.04.2013
Sist oppdatert: 11.04.2013