
Raps. Foto: Andre Zehetbauer, flickr.com
Innhald
Oljeplanter
Oljeplanter, fellesnamn for planter med frukter eller frø som inneheld oljar ein vinn ut ved pressing. Ein del oljeplanter gir ikkje-tørkande oljar, mellom anna oliven, bomull, raps, kokosnøtter og jordnøtter, medan andre, som linfrø og solsikkefrø, gir tørkande oljar. Mange oljeplanter er viktige jordbruksvekstar over heile verda. I Noreg dyrkar ein raps og rybs til kraftfôrblandingar.
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Først publisert: 15.02.2013
Sist oppdatert: 15.02.2013
Sist oppdatert: 15.02.2013