Hopp til innhold
X
Innhald

Opuntia

Opuntia, slekt med 350 artar frå Amerika i kaktusfamilien. Dei har stengel med runde, bladaktige ledd med tornar. Blomstrane er gule eller raude og sit i kanten eller toppen av ledda. Mest kjend er fikenkaktus, O. ficus-indica, ei vanleg prydplante som er innført mellom anna i middelhavslanda, og som no har vorte eit plagsamt ugras.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.04.2013
Sist oppdatert: 12.04.2013