Hopp til innhold
 
 Osp.Foto: José María Escolano flickr
Osp.Foto: José María Escolano flickr
X
Innhald

Osp

Osp (latin Populus tremula), 15 m høgt rakletre i pilefamilien med blank, gulgrøn bork og runde, bukttagga blad på flate stilkar som gjer at blada lett skjelv. Rotsystemet er vidt forgreina og set lett nye skot. Hann- og horaklane sit på ulike tre, og osp er dermed ei særbuplante. Arten er utbreidd over heile Europa og Nord-Asia. Veden er laus, kvit og mest kjend som fyrstikkved fordi han brenn roleg.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.02.2013
Sist oppdatert: 15.02.2013