Hopp til innhold
X
Innhald

Palmar

Palmar (latin Arecaceae eller Palmae), familie med tropiske, einfrøblada planter som har om lag 2900 artar. Enkelte er buskar og lianar, men dei aller fleste er tre med ein søyleliknande stamme utan greiner og med ei rosettliknande bladkrone i toppen. Stammen er danna av gamle bladfeste og manglar årringar. Han veks seg høgare utan å bli tjukkare. Frukta er bær, nøtt eller steinfrukt, og sjølve frøet inneheld rikeleg med olje og protein.
Mange artar er svært viktige økonomisk, til dømes kokos-, daddel-, sago- og oljepalmen. Det finst to viltveksande artar i Europa, dvs. i middelhavsområdet, nemleg dvergpalme, Chamaerops humilis, og kretapalme, Phoenix theophrastii.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.04.2013
Sist oppdatert: 15.04.2013