Hopp til innhold
 Pengeurt. Foto: Matt Lavin, flickr.com
Pengeurt. Foto: Matt Lavin, flickr.com
X
Innhald

Pengeurt

Pengeurt (latin Thlaspi), urteslekt i krossblomsterfamilien med kvite eller lyseraude blomstrar og flattrykte skulpefrukter med vengjekant som kan minne om myntar.
Vanleg pengeurt, T. arvense, er ei eittårig, 30–40 cm høg ugrasplante som er vanleg over heile landet. Vårpengeurt, T. alpestre, er noko mindre, fleirårig og veks nord til Steinkjer.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 25.02.2013
Sist oppdatert: 25.02.2013