
Peon. Foto: Bob Gutowski, flickr.com
Innhald
Peon
Peon (latin Paeonia) eller pion, slekt i peonfamilien med om lag 30 artar, mest staudar. Dei har tjukke, meir eller mindre forgreina røter, store og oppdelte blad samt svært store blomstrar i mange fargar, oftast raude. Dei dyrka artane og formene har gjerne fylte blomstrar. Frukta er ein belgkapsel med store frø.
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Først publisert: 25.02.2013
Sist oppdatert: 25.02.2013
Sist oppdatert: 25.02.2013