Hopp til innhold
 Perikum. Foto: Granville Stout, flickr.com
Perikum. Foto: Granville Stout, flickr.com
X
Innhald

Perikum

Perikum (latin Hypericum), planteslekt i perikumfamilien med om lag 400 artar og fem som veks vilt i Noreg. Desse siste er fleirårige urter med motsette blad og gule blomstrar i klase-, topp- eller halvskjermforma blomsterstandar.
 
Mest vanleg er firkantperikum, H. maculatum, med skarpt firkanta stengel og prikkperikum, H. perforatum, med berre to kantar på stengelen og mange klare prikkar (kjertlar) på blada. Fleire artar blir også dyrka.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 25.02.2013
Sist oppdatert: 25.02.2013