Hopp til innhold

 Rosenkål. Foto: JanetandPhil, flickr.com
Rosenkål. Foto: JanetandPhil, flickr.com
X
Innhald

Rosenkål

Rosenkål (latin Brassica oleracea var. gemmifera), varietet av vanleg kål som blir 40–100 cm høg. Oppover stengelen dannar det seg ei rekkje små «roser» (bladknoppar), og på toppen er det ein bladrosett. Rosenkålen er svært næringsrik, og ein nyttar han kokt.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 27.02.2013
Sist oppdatert: 27.02.2013