
Foto: Blake Maybank, Flickr.com CC-BY
Innhald
Rosenrot
Rosenrot (latin Sedum rosea), inntil 25 cm høg art i bergknappfamilien med ein tjukk og velluktande jordstengel som er gulaktig innvendig. Stenglane er opprette, og dei har spreidde, tjukke, tungeforma og grovt tanna blad. Blomstrane er gulaktige og sit i skjermar. Arten veks over heile Noreg. Han har vore brukt i folkemedisinen og har i dag fått ein renessanse som potensmiddel.
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Først publisert: 16.04.2013
Sist oppdatert: 16.04.2013
Sist oppdatert: 16.04.2013