Hopp til innhold
 Rosmarin. Foto: Bambo, flickr.com
Rosmarin. Foto: Bambo, flickr.com
X
Innhald

Rosmarin

Rosmarin (latin Rosmarinus officinalis), om lag 1 m høg busk i leppeblomsterfamilien. Planta har smale blad og blå eller kvite blomstrar i fåblomstra klasar. Arten veks vilt på tørre stader i middelhavslanda og blir dyrka både som medisin- og krydderplante. Blada inneheld rosmarinolje, som ein nyttar i farmasien og til parfyme.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 01.03.2013
Sist oppdatert: 01.03.2013