Hopp til innhold
 Ryllik. Foto: Anne Tanne, flickr.com
Ryllik. Foto: Anne Tanne, flickr.com
X
Innhald

Ryllik

Ryllik (latin Achillea), slekt med 200 artar i korgblomsterfamilien, hovudsakleg på den nordlege halvkula. Dei er mellomhøge urter med sterkt finna eller sagtanna blad og små blomsterkorger som er samla i kvastforma halvskjermar. Randblomstrane er tungeforma og holege, medan dei røyrforma skivekronene er tokjønna. Plantene gir frå seg ei aromatisk lukt når ein gnir på dei. To artar veks vilt i Noreg: vanleg ryllik, A. millefolium, og nyseryllik, A. ptarmica, begge fleirårige og gamle medisinplanter

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 01.03.2013
Sist oppdatert: 01.03.2013