Hopp til innhold
Foto: Frank Mayfield, Flickr.com CC-BY
Foto: Frank Mayfield, Flickr.com CC-BY
X
Innhald

Såpeurt

Såpeurt (latin Saponaria officinalis), 50 cm høg, fleirårig plante i nellikfamilien med eggrunde blad og kvite eller rosa blomstrar. Arten veks forvilla frå hagar på Sør-Austlandet og Stord. Han vart tidlegare dyrka fordi rotekstrakten inneheld saponin, som var spesielt eigna til vask av ulltøy.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.03.2013
Sist oppdatert: 13.03.2013