Hopp til innhold

 Svartsennep. Foto: Matt Lavin, flickr.com. CC BY- SA 2.0.jpg
Svartsennep. Foto: Matt Lavin, flickr.com. CC BY- SA 2.0.jpg
X
Innhald

Sennep

Sennep, namn som er i bruk om artar frå fleire slekter i krossblomsterfamilien, mellom anna fleire ugrasartar. Slekta Sinapis omfattar det vanlege ugraset åkersennep, S. arvensis, og oljeplanta kvitsennep, S. alba, med frø som er rike på sennepsolje, som ein nyttar i matsennep. Den sistnemnde er ei gammal kulturplante som blir dyrka i Sør-Europa. I Noreg er ho funnen forvilla. Den dyrka arten svartsennep, Brassica nigra, gir krydderet svart sennep.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.03.2013
Sist oppdatert: 04.03.2013