sibirertebusk

Sibirertebusk er ein to til fire meter høg busk i erteblomfamilien med gule blomar. Busken er svartelista og utgjer ein svært høg økologisk risiko i Noreg.

Faktaboks

Uttale
sibˈirertebusk
Vitskapeleg namn
Caragana arborescens
Beskriven av
Jean-Baptiste Lamarck
Framandartstatus i Noreg
HI – Høy risiko
Global rødlistestatus
LC – Livskraftig

Eigenskapar

Sibirertebusk er ein svært hardfør busk. Busken har likefinna blad, som resten av artane i ertebuskslekta (Caragana), og enkeltsitjande gule blomar. Frukta som blir danna, belgen, inneheld mange frø som truleg blir spreidde både passivt og med fuglar.

Bruk

Busken har vorte introdusert til Noreg som hageplante og blir brukt mykje til hekk.

Utbreiing

Sibirertebusk høyrer heime i Sibir. I Noreg er planten forvilla til norsk natur, der han blir naturalisert på skrotemark og i næringsfattig skog.

Økologiske konsekvensar

Sibirertebusk er svartelista og utgjer ein høg økologisk risiko i Noreg. Planten kan føre til ei tilstandsendring i enkelte skogtypar på grunn av at han dannar eit busksjikt der det opphavleg ikkje finst eit slikt.

Systematikk

Nivå Norsk namn Vitskapleg namn
Art Sibirertebusk Caragana arborescens
Slekt Ertebuskslekta Caragana
Familie Erteblomfamilien Fabaceae
Orden Erteblomordenen Fabales
Klasse Tofrøblada plantar Dicotyledoneae
Rekkje Dekkfrøa plantar Angiospermae
Rike Planteriket Plantae

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Faktaboks

sibirertebusk
Caragana arborescens
Artsdatabanken-ID
101907
GBIF-ID
2943190

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg