Hopp til innhold
X
Innhald

Skjørbuksurt

Skjørbuksurt (latin Cochlearia), planteslekt med 25 artar i krossblomsterfamilien. Dei er toårige artar med saftige, kjøtfulle blad med skarp smak. Blomstrane er kvite og frukta ei kort, eggforma eller kulerund skulpe. I Noreg finst det tre viltveksande artar som alle veks på havstrand. Dei er rike på C-vitamin og har vore brukte i folkemedisinen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.03.2013
Sist oppdatert: 07.03.2013