Hopp til innhold
X
Innhald

Smelle

Smelle, slekta Silene med 500 artar i nellikfamilien. Dei er urter med samblada beger og raude eller kvite kronblad. I Noreg finst det åtte viltveksande artar samt nokre som er tilfeldig innførte. Dei vanlegaste er engsmelle, S. vulgaris, strandsmelle, S. maritima, og fjellsmelle, S. acaulis. Dessutan har vi fleire prydplanter.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.03.2013
Sist oppdatert: 07.03.2013