Hopp til innhold
X
Innhald

Soldogg

Soldogg, slekta Drosera i soldoggfamilien. Ho er ei av dei tre slektene med kjøtetande planter i Noreg. Av dei 100 artane i slekta har vi tre i Noreg. Rundsoldogg, D. rotundifolia, og smalsoldogg, D. anglica, er vanlege på torvmyrar. Blada er rosettstilte og er utstyrte med kleimete kjertelhår der små dyr og insekt kan bli hengjande fast. Eit sekret med enzym løyser opp dei mjukare delane av dyret, og dei oppløyste stoffa går inn i bladet. Dette er altså ei form for utvendig fordøying.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.03.2013
Sist oppdatert: 07.03.2013