Hopp til innhold
X
Innhald

Soleiefamilien

Soleiefamilien (latin Ranunculaceae), ein primitiv plantefamilie med både frie kronblad og begerblad. I kvar blomster er det oftast eit større (ubestemt) tal pollenblad og fruktblad, som alle er innbyrdes frie og dannar nøtter eller belgkapslar.
Soleiefamilien omfattar om lag 50 slekter med til saman 1300 artar. Dei fleste er urter som veks i tempererte eller kalde strok. Blada er oftast handflika eller handdelte utan akselblad. Dei fleste artane inneheld skarpe, meir eller mindre giftige stoff. I Noreg har vi 13 slekter med 44 viltveksande artar samt nokre som er tilfeldig innførte. I tillegg har vi mange prydplanter.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.03.2013
Sist oppdatert: 08.03.2013