Hopp til innhold
X
Innhald

Søtvier

Søtvier (latin Solanum), planteslekt med om lag 2000 artar i søtvierfamilien, dei fleste i tropiske strok. Slyngsøtvier, S. dulcamara, veks vilt med spreidd utbreiing nord til Snåsa. Arten har fiolette blomstrar og raud bærfrukt, og han klatrar i tre og buskar. Svartsøtvier, S. nigrum, er eit kvitblomstra ugras som veks nord til Nordland. Frukta er eit svart bær. Til slekta høyrer også mange nytteplanter, som tomat, paprika og potet, og ein del prydplanter. Dei fleste søtvierartane er giftige.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.03.2013
Sist oppdatert: 15.03.2013