Hopp til innhold
X
Innhald

Søtvierfamilien

Søtvierfamilien (latin Solanaceae), samkrona plantefamilie med 75 slekter og over 2100 artar vedaktige planter og urter med fjørnerva blad. Blomstrane sit enkeltvis eller i kvastforma blomsterstandar. Dei er oftast regelmessige 5-talsblomstrar, og frukta er eit bær eller ein kapsel. Søtvierfamilien har mange nytteplanter som potet, tomat og tobakk. Til denne familien høyrer også slektene søtvier, jødekirsebær, giftbær, bukketorn, bulmeurt og piggeple. Dei fleste artane inneheld eitt eller fleire giftstoff. Av prydplanter kan ein til dømes nemne slektene Browallia, Brunfelsia, Capsicum, Petunia og Solanum.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.03.2013
Sist oppdatert: 13.03.2013