Hopp til innhold
Foto: Juha Haataja, Flickr.com CC-BY
Foto: Juha Haataja, Flickr.com CC-BY
X
Innhald

Stemorsblom

Stemorsblom (latin Viola tricolor), 15 cm høg, eitt- eller toårig plante i fiolfamilien med greina stengel, smale blad og oftast trefarga blomstrar i kvitt, gult og fiolett. Planta veks som ugras nord til Tromsø, men har tidlegare vore brukt i folkemedisinen. Hagestemorsblom, V. wittrokiana, omfattar ei rekkje kryssingar mellom stemorsblom og andre fiolartar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.03.2013
Sist oppdatert: 06.03.2013