Hopp til innhold
X
Innhald

Storkenebbfamilien

Storkenebbfamilien (latin Geraniaceae), frikrona blomsterfamilie med 750 artar. Dei fleste er urter, men det finst også nokre buskar og tre. Artane har 5-talsblomstrar. Fruktknuten blir ved mogninga spalta i fem delfrukter med langt «nebb» som er viktige i frøspreiinga. Til storkenebbfamilien høyrer slektene storkenebb, Geranium, tranehals, Erodium, og prydplantene pelargoniumar, som ofte feilaktig blir kalla geraniumar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.03.2013
Sist oppdatert: 11.03.2013