Hopp til innhold
X
Innhald

Strelitzia

Strelitzia, planteslekt i bananfamilien med 4–5 artar som opphavleg kjem frå Sør-Afrika. Dei har karakteristiske og praktfulle blomstrar som er omgitte av farga sveipblad. Mest dyrka (men i Noreg berre i veksthus) er paradisblom, S. reginae, som blir 1,5 m høg og har oransjegule og blå blomstrar. Denne blir brukt som snittblomster.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.03.2013
Sist oppdatert: 12.03.2013