Hopp til innhold
X
Innhald

Strychnos

Strychnos, planteslekt i familien Loganiaceae, som står nær søtvierfamilien. Ho har mange artar tropiske tre og buskar, og fleire av dei er svært giftige. Frå S. nux-vomica vinn ein ut gifta stryknin. Pilgifta curare kjem frå S. toxifera.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.03.2013
Sist oppdatert: 06.03.2013