Hopp til innhold
Foto: John Dalrymple, Flickr.com CC-BY
Foto: John Dalrymple, Flickr.com CC-BY
X
Innhald

Tepperot

Tepperot (latin Potentilla erecta), 15 cm høg art i rosefamilien med trekopla blad og gule blomstrar som har fire kronblad. Arten veks på næringsfattig grunn nord til Troms. Den tjukke, forveda jordstengelen er raudaktig innvendig. Han har vore brukt i folkemedisinen som blodstillande middel. Tepperot er også kalla blodrot.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 14.03.2013
Sist oppdatert: 14.03.2013