Hopp til innhold
X
Innhald

Timian

Timian (latin Thymus), slekt med nedliggjande halvbuskar i leppeblomsterfamilien med ei karakteristisk krydderlukt. Planta har små blad og oftast raude blomster i kransar som er samla i hovudforma blomsterstandar. Austafjells veks bakketimian, T. pulegioides, og i nord kan ein finne norsk timian, T. praecox. Fleire artar er gode fjellhageplanter. Den 20 cm høge suppetimian, T. vulgaris, blir dyrka som krydderurt. Dessutan vinn ein ut thymololje som er brukt i medisinar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.03.2013
Sist oppdatert: 13.03.2013