Hopp til innhold
X
Innhald

Tobakk

Tobakk, namn på fleire artar i slekta Nicotiana i søtvierfamilien. Dei er opptil 2 m høge urter og buskar som særleg stammar frå subtropisk Amerika. Blada er brukte til framstilling av nytingsmiddelet tobakk. Dei to viktigaste artane er virginiatobakk, N. tabacum (til sigarettar, sigarar, pipetobakk, snus og skrå), og bondetobakk, N. rustica (som er mest brukt i vasspiper).
Dyrking av tobakk stammar frå indianarane og kom til Europa rundt 1560. I byrjinga vart tobakken brukt i form av snus og sett på som eit lækjemiddel. Seinare kom piperøyking, og det var først på 1800-talet at det vart vanleg med sigarar og sigarettar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 14.03.2013
Sist oppdatert: 14.03.2013