Hopp til innhold
X
Innhald

Torskemunn

Torskemunn (latin Linaria), slekt i maskeblomsterfamilien med om lag 130 eitt- eller fleirårige artar på den nordlege halvkula. Dei har smale, motsette eller kransstilte blad og blomstrar i tette klasar. Krona har to lepper, og underleppa har ein pukkel som stengjer for svelgjet.
Lintorskemunn, L. vulgaris, har gule blomstrar i klasar og veks til Steigen i Nordland. Den eittårige blåtorskemunn, L. bipartita, blir 20–30 cm høg og kjem opphavleg frå Spania. Han har forvilla seg i Østfold og ved Stavanger. Fleire artar blir dyrka som prydplanter.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 14.03.2013
Sist oppdatert: 14.03.2013