Hopp til innhold
X
Innhald

Tulipan

Tulipan (latin Tulipa), slekt i liljefamilien som omfattar om lag 100 viltveksande artar i middelhavslanda og Asia. Dei er laukplanter med smale blad og opprette, klokkeforma blomstrar. Skogtulipan, T. sylvestris, som har gule blomstrar og veks vilt i Mellom- og Sør-Europa, er funnen forvilla langs kysten av Sør-Noreg. Hagetulipan, T. gesneriana, vart innført til Europa frå Tyrkia rundt 1560.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 14.03.2013
Sist oppdatert: 15.03.2013