Hopp til innhold
Foto: Hermann Falkner, Flickr.com CC-BY
Foto: Hermann Falkner, Flickr.com CC-BY
X
Innhald

Vaid

Vaid (latin Isatis tinctoria), 75 cm høg, toårig plante i krossblomsterfamilien med avlange, dels pilforma blad. Dei har ein rikt greina blomsterstand som er samansett av ei rekkje klasar med gule blomstrar. Fruktene er vengjete skulper som blir spreidde med vinden. Vaid har vore brukt til blåfarging. Arten høyrer heime i middelhavslanda, men er funnen forvilla i Noreg.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.03.2013
Sist oppdatert: 15.03.2013