Hopp til innhold
X
Innhald

Valurt

Valurt (latin Symphytum), slekt i rubladfamilien med breie, stivhåra blad og fiolette blomstrar i tette klasar. I Noreg finst det tre artar som veks vilt, og vanlegast er valurt, S. officinale, eit 70 cm høgt ugras i kyst- og fjordstrok nord til Trondheim. Tidlegare dyrka ein arten som medisinplante.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.03.2013
Sist oppdatert: 18.03.2013