Hopp til innhold
X
Innhald

Vendelrot

Vendelrot (latin Valeriana), slekt med fleirårige urter i vendelrotfamilien med blomstrar i skjermlignande kvastar. Fire artar veks vilt i Noreg, mellom anna vanleg vendelrot, V. sambucifolia, som veks på fuktige stader over heile landet, og lækjevendelrot, V. officinalis, på steinete stader i Oslo-traktene.
Vendelrot inneheld ein sterkt luktande eterisk olje. Ho er ei gammal medisinplante og har vore brukt som roande middel og i folkemedisinen mot trolldom og hekseri og som kjærleiksdrikk. Sjå elles valeriana.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.06.2013
Sist oppdatert: 18.06.2013