Hopp til innhold
X
Innhald

Vendelrotfamilien

Vendelrotfamilien (latin Valerianaceae), tofrøblada plantefamilie med 400 artar buskar eller urter, hovudsakleg i middelhavslanda og Sør-Amerika. Til denne familien høyrer slekta vendelrot med norske artar og parfymeplanta Nardostachys. Av prydplanter er sporeblom, Centranthus, mest kjend, med inntil meterhøge artar med karminraude blomstrar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.03.2013
Sist oppdatert: 18.03.2013